Velkomen til garden
I dette langhuset bur Hallgrim og Ylva, saman med heile familien sin: mamma, pappa, tante Arnhild, lille-Eirik og bestefar Gamal-Inge. Også dyra! Hesten, kyrne, geitene, og hønene. Men berre om vinteren da, så alle kan held seg varme.
Kor mange bur du saman med? Og har de dyr i huset dykkan?
Illustrasjon: Hallgrim og Ylva
Illustrasjon: Sort gryte og høner
I den sorte gryte
Trælen Ravna strør fersk einerkvist utover golvet i langhuset. Bestefar Gamal-Inge snorkar under fellen sin, og Ylva tar på seg skinnskoa sine. Trælene eig ikkje slik luksus som sko, men heldigvis for dei, tenkjer Ylva, er dei vante med å gå berrføtt, så huda deira toler det meiste, sjøl snø!
Ravna er den snillaste trælen, tykkjer Ylva. Ho har passa på Hallgrim og ho sidan dei var små. No er frokosten klar, varm graut!
Ylva tar på seg ullkjortelen, og fester beltet med kniven og skinnpungen i livet. Alle i familien et frukost av same grautbollen, men med kvar si skei. Så smett Ylva og Hallgrim ut av døra.
Dei vert blenda ei stund før auga vender seg til det skarpe ljoset etter mørkret inne i huset.
– Kva skal du i dag, Ravna?, spør Hallgrim trælen.
– Å, kor vil du eg skal byrje?, ler Ravna, og dreg opp døra til eldhuset. – Eg trur det er lettare å sei kva eg ikkje skal i dag!
Ravna peiker på kniven som heng på veggen.
– Har du lyst til å kvesse han for meg, Hallgrim? Har ikkje du fått teken på brynesteinen?
Hallgrim vert stolt, jern er kostbart, og det er ikkje så ofte han får handtere slaktarkniven. Ylva derimot ser med eitt litt trist ut.
– Du kan velje, Ylva, kven som skal i gryta. I dag skal de eta ferskt kjøt, sidan onkelen dykkan kjem på besøk.
Ylva både gler seg og grøssar på same stund. Ho kjenner alle dyra på garden, og likar ikkje når dei må slaktast. Men ferskt kjøt er noko av det beste ho veit, og det skal bli godt i staden for det tørka, salte kjøtet og grauten!
Sidan kjøt er så dyrebar mat, veit Ylva at ingenting skal gå til spille. Av blodet lagar dei blodpølse og steiker blodpannekaker, i allefall når dei slaktar større dyr. Til og med føter og bein skal brukast, dei blir det nemleg god kraft av! Så går ho inn i hønsehuset for å velje ut kven som skal havne i den sorte gryta.
Hønane kaklar og flaksar skremde til alle kantar, men ganske snart har Ylva fanga ei av dei i armane sine. Utanfor står Ravna klar med øksa, og Hallgrim kjem ut frå eldhuset med den nyslipte slaktarkniven.



