Veit du at?

Du har sikkert høyrt om vikingar med sverd og skip? Vikingane er mest kjende for å reise på tokt, eller

å dra i viking.

Men dei aller fleste vikingar, var fredelege bønder. Dei budde på små og store gårdar og arbeidde for å skaffe mat og varme til seg og familien sin.

Kortversjon
  • Arkeologane har funne restar etter vikingar fleire stader i Gudbrandsdalen
  • Hovedhuset til vikingane het langhus
  • Om vinteren budde dyr og menneske sammen for å halde varmen
  • På Vesle-Hjerkinn på Dovre hadde vikingane ein diger hall som husa både kongar og vanleg reisande, og her fanga dei rein

Ein vikingheim

Innlagt vatn

Nokre vikinghus hadde rennande vatn! Det fekk dei ved å lede ein bekk gjennom huset.

Vikingar i dalen

Arkeologane jobbar med å finne ut korleis menneska levde i fortida. Dei kan finne ut kor gamle ting er, og gjennom å sjå på korleis tinga låg der dei vart funne, finn dei ut korleis vikingane budde og levde.

Det er funne mange restar etter vikinggardar i Gudbrandsdalen. Mellom anna på Dovre, på Lesja, i Lom, Vågå og på Hundorp. Slik trur vi at ein vikinggard såg ut:

Langhus

Hovedhuset på garden var som regel eit langhus. Langhuset var, som namnet seier, langt. Tjukke stolpar heldt taket oppe, veggane var av tre eller torv og golvet var rett på jorda. Langhuset hadde ikkje vindauge til å slippe ljoset inn, kun eit hol i taket som slapp røyken ut. Det må ha vore både kaldt, røykfullt og mørkt i langhuset. særleg om vinteren!

I midten av rommet var det ein eldstad. Her var det varmt og lyst, og folket på garden samla seg for å laga mat, eta, arbeide og sove. Det var ikkje vanleg med stolar og sengar, men brede benkar langs veggane rundt ildstedet, med ulltepper og skinnfellar, og kanskje ein halmmadrass. Her satt dei om dagen og sov om natta.

Hest i stova

Om vinteren budde husdyra inne i langhuset. Dyra varma huset med kroppane sine, medan eldstaden til menneska heldt dyra varme. Slik var det lettere å overleve vinteren. Korleis trur du det er å bu med ein hest eller geit i stova?

Lauga = vaska

Laurdag kjem fra norrøne laugardagr. Kvar laurdag vaska vikingane seg.

Andre hus på garden:
  • Fjoset: kor dyra budde
  • Stabbur eller bur: kor dei lagra mat, klede og andre reiskap
  • Bryggerhus eller eldhus: kor dei brygga øl, kokte såpe, slakta og vaska klede

Dei fleste gardar hadde også eit badehus eller badstu. Vikingane var nemleg svært reinslege og bada kvar veke!

Miljøvennleg

Laftehus kan vare i mange hundre år og er derfor ein av dei mest miljøvennlege måtane å byggje hus på.

Staseleg på Vesle-Hjerkinn

På Vesle-Hjerkinn, mellom Folldal og Dovre, er det funne restar av  eit hus som har romma både kongar, vikingar, pilegrimar og vanleg reisande. Huset var staseleg nok for ein konge og ei dronning: her sto ein 200 kvm stor hall! I tillegg var det fire mindre hus her. Det må ha vore eit imponerande syn for vanlege folk.

Denne hallen var overnattingsstad for dei som reiste over Dovrefjell. Det må ha vore mykje trafikk over fjellet når dei valde å bygge ein så stor hall. Fra vikingtida, gjennom mellomalderen og heilt fram til i dag er framleis Dovrefjell den viktigaste vegen mellom Oslo og Trondheim.

Pilgrim

Ein pilgrim er ein person som legger ut på ei vandring til ein stad som er viktig for han, ofte ein heilag stad. Pilgrimen vandrar for å kome nærmare trua si. Dei hadde ofte sydd skjell på kappa si så andre reisande skulle sjå at dei ikkje var farlege eller reiste med rikdommar på seg. Det er framleis vanleg å vandre på pilgrimsferd, og vi har mange stier eller leder i Gudbrandsdalen. Har du sett skilt til pilgrimsleden der du bur?

 

Gift til dei reisande

På Vesle-Hjerkinn gjorde arkeologane eit mystisk funn: masse av ein av Noregs giftigaste planter, tyrihjelm! Dei fann også eit digert fangstanlegg for villrein og kammar av reinsdyrsgevir. Arkeologane klarte til slutt å løyse mysteriet, sjå videoen for å få svar!

Video om Vesle-Hjerkinn

Illustrasjon: ?

Ein samisk vikingheim

Ikkje alle budde i langhus eller laftahus i vikingtida. På Lesja har dei funne restar etter ein samisk buplass frå vikingtida. Vikingane som budde her budde ikkje i langhus, men i gammer eller telt.

Som for alle andre i vikingtida, var eldstaden viktig for samiske familiar. Ikkje berre var det her ein fekk varme og ljos til å vera, arbeide og laga mat, men dei forbandt også eldstaden med sola og med gudane. Mange ritualer og regler var knytta til eldstaden, til dømes var det vanleg å ofra litt av maten og drikken sin ved å kaste han på bålet.

Ein veit om mange ekteskap og vennskap mellom vikingar og samer, og veit at dei handla av kvarandre. Den kanskje mest kjende historia er fortellinga om vikingkongen Harald Hårfagre som vart forelska i samejenta Snøfrid på Dovre.

Les historia om Snøfrid og kongen her

Harald Hårfagre var den første av vikingkongane som samla heile Noreg til eitt rike. Før han var det fleire småkongar som regjerte over kvar sine områder. Harald nekta å klippe håret sitt før han hadde samla heile Noreg, derfor blei han kalla Hårfagre.

Diktaren, eller skalden, som skreiv om norrøn mytologi og norske kongar frå vikingtida, Snorre Sturlasson, skrev om at Harald og Snøfrid. Han fortel at Harald Hårfagre feira jul på Tofte gard på Dovre. På sjølve julekvelden kom den samiske høvdingen og trollmannen, eller seidmannen, Svåse inn og inviterte Harald til gammen sin like i nærleiken.

Da Harald kom inn i gammen, fekk han mjød av dottera til Svåse, Snøfrid. Ho var den fagraste kvinna Harald Hårfagre nokon gong hadde sett. Han ville gifte seg med Snøfrid med det same!

Soga fortel at Harald var så glad i Snøfrid at han heilt glømde å styre landet sitt i dei åra dei var gifte. Dei fekk fire barn saman, og da Snøfrid plutseleg døydde, sørga Harald i 3 år. I desse åra var ho like vakker som om ho var levande. Då ho til slutt rotna, vart Harald sint, og trudde at alt hadde vore ei forheksing.

FUNFACT
Mange år seinare vart tippoldebarnet til Snøfrid, Harald Hardråde, konge av Noreg. Slik vart den samiske jenta stammor for den norskekongeslekta.

Illustrasjon: ?

Under vatn

Den samiske buplassen på Lesja vart funne då dei skulle demme opp Aursjøen. No ligg han under vatn! Kuttes?

Gudinne

Sáráhkká var gudinne for ….. mer info om henne her om hun skal nevnes. Kuttes?

Vikingfamilien

STORFAMILIE

Som du sikkert skjønar var det ikkje vanleg med privatliv i vikingtida. Alle budde saman, og å trekke seg unna ble sett på som sært. Familien var ofte stor.

Mange vikingbarn veks opp med halv- og stesøsken og steforeldre, nett som i dag. Det var nemleg lov å skilja seg i vikingtida. Mange gifte seg også på nytt om mannen eller kona døydde. I tillegg var det vanleg at søskenbarn budde saman, ofte budde besteforeldra på garden, og ein kunne bu med tanter og onkler som ikkje hadde eigen familie.

Husfrue og husbond

I vikingtida var det store forskjellar på folk. Den viktigaste skilnaden var om du var rik eller fattig. Kvinner og menn var nemleg begge med på å drive garden og drive handel, sjølv om dei rådde over litt forskjellige oppgåver. Og dro mannen på reise eller døydde, var det husfrua som tok over alt ansvar.

DIY – sjølvlagd

Det vi kan kjøpe i butikken, sto vikingane for sjølve. Dei dyrka korn og grønsaker, mol korn til mjøl, baka, stelte og slakta dyr, jakta og fiska, felte trer, bygde hus, snekra og hogde ved, spant garn, vevde og sydde, og mykje meir. Så det var nok å ta seg til!

Vennskap viktigare enn blod

Vennskap var viktigare enn slekt, eller ætt, i vikingtida. Gjennom gåver, gjestebod og ekteskap sikra dei rike seg støtte og bøndene seg tryggleik.

Skilnad på folk

I vikingtida var det vanleg å ha trælar. Ein træl var ein slave eller tjenar, og dei var ofte røva frå andre land og bygder. Trælane budde også på garden og gjorde alt det tunge arbeidet.

Vikingane trudde at ein var fødd til sin stand eller rang, og at det derfor ikkje var urettferdig at nokon levde godt mens andre var slavar. Men korleis trur du det var å bu så tett i hop når skilnadene var så store på folk?

Sagn fra vikingtida delar samfunnet i tre klasser:

  • Træl – ufri slave
  • Karl – fri bonde
  • Jarl – høvding og småkonge

Illustrasjon: ?

Å vera barn i vikingtida

I vikingtida måtte barna vera med å arbeide. Dei gjekk ikkje på skule, men lærte som oftast å gjera det som foreldra gjorde. Jentene vart lært opp i alt som hadde med hus og gard å gjera, og til å bli det same som mora. Dei lærte å veve, stelle dyr og lage mat, og å styre over træler og bønder om dei budde på ein stor gard. Gutane lærte alt faren hadde ansvar for. Det kunne vera å drive jorda, hogge tømmer og snekre og halde alt i stand på garden, fiske og alt som høyrer med til å holde familien mett og trygg.

Tidleg vaksen

Ein vart rekna som vaksen når ein hadde lært seg det ein voksen måtte kunne. Ofte var dette når ein var rundt 12 år gamal! Jentane måtte vera klare til å bera fram barn og gjere arbeidet til ei gardskone eller husfrue, og gutane måtte bevise at dei var klare til å ta over garden. Var dei frå ei rik slekt, var manndomsprøva å dra i viking eller delta i eit slag.

Leik!

Heldigvis var det lov å leike seg i vikingtida også! Arkeologane har funne mange forskjellige vikingleiker: spel, dokker og figurar, små sverd, økser og leikeskip.

Kva åt dei?

Vikingane nytta alle ressursar for å skaffe mat til seg  og familien. Frå garden fekk dei kjøt, mjølk, ost, smør, egg og korn. Korn var ein viktig del av maten, dei laga graut og brød. Brøda var ikkje gjæra slik som i dag, men flate og dei må ha vore harde og best heilt ferske.

Vikingane jakta, fiska, sanka nøtter, bær, sopp, røt, spiselege plantar og frukt i naturen, i tillegg til det dei fekk til på garden. Dei åt mykje viltkjøt, i Gudbrandsdalen var det vanleg med reinskjøt. Dei åt også fisk, men av ein eller anna grunn, var ikkje det vanleg mat for barn…

Sunne vikingar

Maten til vikingane var variert, og kva dei åt kom an på kva som var tilgjengeleg i årstida. Februar var den tøffaste måneden, da var det ofte lite mat. Mange trur at vikingane berre åt kjøt. Riktignok var krigarane glad i grilla kjøt, men forsking viser at vikingane åt masse grønsaker.

Tynnast brød

Brød kunne steikast som små, flate bollar på glør eller i små omnar. Dei som hadde råd til ei steikehelle i stein eller jernpanne, fekk til å lage tynnere brød, lik flatbrød og lefse. Jo tynnare brød, jo høgare status!

Viking tapas!

Vanlegvis vart maten laga i ein stor klebersteinsgryte, og ofte åt alle samen av den. Dei hadde ikkje gaflar, men brukte kniv, handa eller brød til å plukke opp graut, grønsaker og kjøtbitar. Nokon forskare samanliknar måltida med dagens tapas!

Vikingane var glade i å lage mat, og inviterte ofte til gjestebod med mykje god mat og drikke.

Vatnet nær garden var ofte ikkje reint. Vikingane brygga mjød og øl, og sjøl barna drakk dette til kvardags. Dei rikaste drakk også vin som dei hadde skaffa seg gjennom handel eller på tokt.

Til seters

(kuttes?)

Til sæters Netoseter i Bøverdalen

Den gøymte vikingbusettjinga i Lendbreen blei oppdaga sommaren 2021, og setter perspektiv på ein måte å bu på utanom det vanlege. Dei som bodde på Netoseter bodde godt. Arkeologar har funne tomter etter omlag 20 langhus i fjellheimen. Husa var 20 meter lange og 5 meter brede, med jordgulv. Langhusa var laga slik at det var plass til alle i storfamilien; mamma, pappa, søster, bror, stesøster, halvbror, onkel og søskenbarn. I tillegg var det ikkje uvanleg at dyr, som t.d. griser bodde innandørs. Ein skal heller ikkje stikke under ein stol at dei fleste vikingar eigde slavar, kalla trælar. Trælane budde også innandørs i langhusa, men hadde nok ikkje dei same rettigheitane som øvrige familiemedlemmar.